Grethes galleri opner i Førde ved E39

03.11.2023

Salgsutstilling med malerier og signerte trykk av Grethe Kjøsnes og Svein Siesoell!

Eg er veldig glad og spent på å opne galleri i moderne lokaler i Førde!  På toppen av butikken til Fotograf Reiakvam rett ved E39 og vis a vis Thon hotell. Med fleire parkeringsplasser rett bortenfor. Gratus parkering for kunder er det også rett utenfor hos Reiakvam. Galleri lokalet med sine store vindauge og moderne fasiliteter ligg i andre etasje og idyllisk til rett ved Førde elva og det er lett å legge merke til for dei som vil kome på besøk. Ekstra praktisk er det også at fotograf Reiakvam vil vere min nærmaste nabo og kan bistå med både innramming,
paspatur og eventuelle
gicleetrykk. Me ser fram til eit positivt samarbeid  ved arrangementer etc. utover hausten og vinteren.  
         

Starter innflytting i august!

Innflyttingen starter frå 1.august og så blir det selvfølgelig ein skikkelig opningsfest med utstilling av mine og Svein Siesoell sine malerier. Svein bur i Hyllestad og har atelieret sitt heime på Sæsol. Han kjem opprinneleg frå Os. Svein er utdanna frå kunstakademiet og maler i friske og glade farger med sitt unike særpreg.

Bildene hans vil bli stilt ut på permanent basis på galleriet mitt i Førde saman med mine bilder. Det er eg som skal drive galleriet og tar meg meg av utstillinger, salg, annonsering, formidling og arrangementer på galleriet. Svein er mykje meir beskjeden og liker best å jobbe i det skjulte. Men me har tru på at dette skal bli eit godt samarbeid! 

Her er biletkunstner Svein Siesoell:


Svein Siesoell, er ein norsk maler, fødd og oppveksen på Os utanfor Bergen. Svein tok utdanning si ved Vestlandske kunstakademi, og valde etter endt studie å fortsetje utdanninga i Danmark og Portugal. Kunstnaren har ei allsidig karriere bak seg, og har gjennom åra vore innom eit vidt spekter av figurative former av maleri, slik som akt, portrett, landskap og ulike typer figur-maleri. Siesoell har mellom anna levert kunst til kommunal utsmykking og driv i dag sitt eige galleri på heimstaden. Dei siste 20 åra har kunstnaren vore busett på idylliske, Sæsol, i Hyllestad kommune. Ein stad som har gitt inspirasjon til mange av dei kraftfulle og ville landskapsmaleri.